Å vere campingturist i Noreg kan by på både gode og dårlege erfaringar.
Mange har vel som meg starta si karriere på vegen med eit telt, oppakning på biltaket, bagasjerommet fylt til brestepunktet og baksetet fylt med ungar og dyr.
Skulle tru ein tok skrekken før ein starta, men den gong ei. På tur skulle vi, og vi skulle starte med vore ungar på same måten som vi starta med vores foreldre. For dei skulle få campinglivet inn med barneskeia slik vi fekk det.
Etter kvart som årene gjekk, bytte vi ut teltet med ein kombikamp, og seinare campingvogn. Campinglivet utvikla seg raskt frå å vere ein telttur med provisoriske løysingar med mat og drikke, til å verte ein konkurranse om kven som hadde den finaste campingvogna med det beste innhaldet. I seinare tid har bubilane tatt over på vegane og campingplassane. Og bubilane vert både større og dyrare for kvart år. Ikkje misforstå, eg har ikkje bubil, men draumen om ein lever i beste velgåande, so det var ikkje meg i mot.
Men inn i mellom, når ein kjem inn på ein campingplass overfylt med bubilar og campingvogner, går tankane attende til tida med telt. Dei var so mykje enklare å plassere telta. Ikkje var det alltid so nøye med om dei sto beint heller. I dag skal alt vere i vater…jekk litt meir i den enden…legg ein kile under det hjulet, opp med fortelta, ut med markisa, fram med stolane, bordet og grillen…nei no skal vi ha det kjekt du…
Mykje styr og mykje stress, men veit du…eg reiser framleis på campingtur, no tretti år etter at eg starta. For har ein fyrst fått det inn med barneskeia og det har gått ein i blodet, vert ein ikkje kvitt det…og vi har oppdaga kva det handlar om…nemleg ”Det Frie Liv”.
Og har du ikkje prøvd det so gjer det gjerne, det er framleis plass til fleire campingturistar på vegane og på campingplassane…velkommen etter og nyt ”Det Frie Liv” du og…

