| Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (måndag 28. juni 2010). Les mer om roperten… Velkommen alle turistar, parker gratis her!
Det svermar allereie av bubilar og campingvogner på vegane rundt om i Noreg. Ikkje berre utlendingar heller, mange nordmenn er alt ute på tur. Her i Sogndal er bubilar og campingvogner snart i fleirtal på vegane. Av eigen erfaring veit eg at det ikkje er lett å finne ein stad å parkera ein bubil, langt mindre ein bil med campingvogn på slep, ikkje berre her i Sogndal, men mange andre stader i Noreg og. Er ein så heldig å finne ein stad der ein kan få lov å parkere eit par timar, kostar det gjerne flesk. Men det finns unnatak! Eit lite tips til Sogndal og andre større og mindre byar: Tenk kor mykje omsetning ein kunne fått om turistar som oss fann ein plass å parkere nokre timar? Vi som reiser rundt på denne måten pratar ofte saman og fortel kvarandre om både gode og dårlege erfaringar der vi fartar omkring. Finns der fleire stader som Mo i Rana? Då reiser eg gjerne dit…
Vist 61 gonger. Følgt av 1 person. | ||