Bidraget er publisert med ropert og har blitt henta fram på Sognatreff og Fjordaglimt (torsdag 2. september 2010). Les mer om roperten…

Ålesund har forstått det!

Alle som har vore i Ålesund med bubil veit nok kva eg snakkar om. For her ligg det verkeleg godt til rette for oss som ferdast langs vegen med eige hus på ryggen. Eit heilt kaiområde har Sunnmørsbyen sett av for bubilturistane. Litt kronglete var det å koma dit, men det var godt merka, så greitt gjekk det likevel.
Litt kosta det sjølvsagt å stå der, men det var og heilt greitt for her var toalett, dusj, tømming av toalett og avfallsvatn, samt påfylling av ferskvatn. Her var og lagt til rette for avfallssortering, slik at vi vart kvitt bosset vårt og på ein skikkeleg måte.
Vi slo oss til rette her ei helg i slutten av august i år, og vi var langt i frå dei einaste gjestane. Gjennom helga var der heilt sikkert nærmare 50 bubilar innom bubilparkeringa, og truleg var meir enn halvparten utanlandske.
Det er svært positivt å komma ein stad der ein kjenner seg so velkommen som bubilturist. Og sjølvsagt la vi igjen ein god del pengar i butikkane og restaurantane i Sunnmørsbyen som takk for gjestfriheita.
Andre byar/stader som har forstått det?

Annonse

Nye bilder