Er dette noko for norske caravanistar?
Noko som i fleire år har imponert meg når eg har vore på tur i Canada og USA er dei fantastiske bubilane og campingvognene dei køyrer rundt med ”der over”.
Ofte har eg tenkt at ”Oi oi, noko slikt skulle eg gjerne hatt heime”. Men det var før eg prøvde det…
I september 2010 var eg saman med familien på ein liten rundtur og besøkte slektningar både i Canada og i USA. Sjølv om alt er stort i desse landa, vart husa for små til at vi alle fekk ligge innomhus der vi kom. Derfor vart nokon av oss plassert i campingvogner og bubilar, parkert i hagen til dei vi besøkte.
Eg var ein av desse heldige og såg fram til å få oppleve desse eksklusive doningane.
Og her mangla ingenting. Alt av luksus ein kunne tenke seg var å finne i både bubilane og campingvognene vi overnatta i. Og plass var der i massevis. Veggane kunne flyttast ut slik at det vart reine storstovene inne, og soverommet i eine bubilen var truleg på storleik med soverommet i huset vårt heime. Vi følte oss som kongar der vi låg.
Her heime vert det å reise på camping av mange sett på som noko sært og ”Harry”.
Slik er det ikkje i Canada og Amerika. Der er campinglivet noko som dei privilegerte kan unne seg, og sal av campingvogner og bubilar er ”big business”, det såg vi på alle dei enorme utsalsstadene vi stadig passerte på turen.
Ein campingplass ”der over” er heller ikkje heilt slik vi ser den her i Noreg. Storleiken er ein ting, men når den som er på tur kjem innom ein slik campingplass, vert dei vist til ein romsleg, ferdig opparbeidd og avdelt parkeringsplass.
Der parkerer dei doningen, koplar til straum, vatn og toalett. Ja, for desse bubilane og campingvognene er i liten grad meint å bruke til såkalla ”fri-camping”. Difor er dei fleste ”campground” opparbeidd med tilkopling for fast vassforsyning, kloakk og avfallsvatn for kvar einaste eining som kjem innom.
Her slepp ein å springa med vasskanner og porta-pottitankar. Ikkje treng ein å snika seg ut om natta for å opna litt på gråvasstanken heller.
Den mest populære (iallfall i Canada) campingdoningen utanom bubilen, er det dei kalla ”Fifth Wheeler”.

Ikkje så vanskeleg å forstå heller, for når ein har parkert desse har ein framleis bilen ein kan køyra rundt med, for å handla eller sjå seg rundt.
Vi veit jo alle at desse landa er enorme og avstandane er store. Fotgjengarar ser ein ikkje så mange av. Dei fleste køyrer, enten dei skal handle eller berre bort til naboen. Tek du frå dei bilen vert dei hjelpelause.
Dei som har bubil har løyst dette problemet på sin måte. Her har dei fleste med seg ein ”liten” bil på slep i spesielle stag etter bubilen.

Ingen av dei eg spurde hadde høyrt om vektgrenser verken på ”Fifth Wheelers”, bubilar eller campingvogner. Dei tok med seg det dei meinte dei hadde bruk for når dei reiste på tur, utan å tenke vekt i det heile.
Alle desse tinga hadde gjort inntrykk på mine tidlegare reiser til Canada og USA, og no skulle eg altså få oppleve å bu i nokre av desse doningane.
Dette såg eg verkelig fram til…
Men…ikkje at det vart noko nedtur akkurat, men når ein har store forventningar til noko, vert ein nokre gonger litt skuffa.
Etter ei natt og to i desse doningane, var det liksom ikkje det heilt store lenger. Vi fann fort ut at campingvognene og bubilane ikkje hadde så mykje meir enn det dei heimlege utgåvene hadde.
Den største forskjellen var eigentleg berre storleiken, madrassane og polstringane i setene. (Når det gjeld dei to sistnemnde har dei europeiske produsentane mykje å lære).
Tanken eg ein gong hadde om at ”ein slik skulle eg gjerne hatt heime” endra seg etter nokre dagar og netter til ”ein slik er eg glad eg ikkje har heime”.
Storleiken til dei Canadiske og Amerikanske campingdoningane passar etter mi meining ikkje her i landet i det heile.
Eg bur i enden av ein 5 km lang, smal og kronglete grusveg, så for min del hadde eg ikkje kunne tatt nokon av dei med meg heim på tunet.
Ikkje var det mange veier her i landet vi kunne køyrt på heller, og vi som er så glade i å køyre sidevegar og småvegar over fjell og daler.
Tenk kor kjedelig det hadde vore om vi berre kunne køyre på hovudvegane, og knapt nok det…!
Og kva med campingplassane? Det finns riktig nok fleire stader der dei no kan ta i mot bubilar og campingvogner av denne storleiken, men langs dei fleste vegane der eg ferdast finns der ingen slike.
”Det frie liv” for meg hadde snart vorte ganske ufritt om eg vart låst til få vegar og få campingplassar. Rart kor fort ein kan endre meining om noko når ein får prøvd det.
Nei takke meg til mi vesle campingvogn som eg kjem fram med nærast kor som helst i vårt vakre land. Eg manglar ikkje noko i den heller, ei god seng, kjøkken, kjøleskåp og micro-omn. Reine luksusen etter mi meining…og meir treng ikkje eg. Eg er jo på ferie…
Er desse bubilane, “Fifth wheelers” og campingvognene noko for norske caravanistar? Ikkje etter mi meining…