|
Er dette noko for norske caravanistar?
Noko som i fleire år har imponert meg når eg har vore på tur i Canada og USA er dei fantastiske bubilane og campingvognene dei køyrer rundt med ”der over”.
Ofte har eg tenkt at ”Oi oi, noko slikt skulle eg gjerne hatt heime”. Men det var før eg prøvde det…
I september 2010 var eg saman med familien på ein liten rundtur og besøkte slektningar både i Canada og i USA. Sjølv om alt er stort i desse landa, vart husa for små til at vi alle fekk ligge innomhus der vi kom. Derfor vart nokon av oss plassert i campingvogner og bubilar, parkert i hagen til dei vi besøkte.
Eg var ein av desse heldige og såg fram til å få oppleve desse eksklusive doningane.
Og her mangla ingenting. Alt av luksus ein kunne tenke seg var å finne i både bubilane og campingvognene vi overnatta i. Og plass var der i massevis. Veggane kunne flyttast ut slik at det vart reine storstovene inne, og soverommet i eine bubilen var truleg på storleik med soverommet i huset vårt heime. Vi følte oss som kongar der vi låg.
Her heime vert det å reise på camping av mange sett på som noko sært og ”Harry”.
Slik er det ikkje i Canada og Amerika. Der er campinglivet noko som dei privilegerte kan unne seg, og sal av campingvogner og bubilar er ”big business”, det såg vi på alle dei enorme utsalsstadene vi stadig passerte på turen.
Ein campingplass ”der over” er heller ikkje heilt slik vi ser den her i Noreg. Storleiken er ein ting, men når den som er på tur kjem innom ein slik campingplass, vert dei vist til ein romsleg, ferdig opparbeidd og avdelt parkeringsplass.
Der parkerer dei doningen, koplar til straum, vatn og toalett. Ja, for desse bubilane og campingvognene er i liten grad meint å bruke til såkalla ”fri-camping”. Difor er dei fleste ”campground” opparbeidd med tilkopling for fast vassforsyning, kloakk og avfallsvatn for kvar einaste eining som kjem innom.
Her slepp ein å springa med vasskanner og porta-pottitankar. Ikkje treng ein å snika seg ut om natta for å opna litt på gråvasstanken heller.
Den mest populære (iallfall i Canada) campingdoningen utanom bubilen, er det dei kalla ”Fifth Wheeler”.

Ikkje så vanskeleg å forstå heller, for når ein har parkert desse har ein framleis bilen ein kan køyra rundt med, for å handla eller sjå seg rundt.
Vi veit jo alle at desse landa er enorme og avstandane er store. Fotgjengarar ser ein ikkje så mange av. Dei fleste køyrer, enten dei skal handle eller berre bort til naboen. Tek du frå dei bilen vert dei hjelpelause.
Dei som har bubil har løyst dette problemet på sin måte. Her har dei fleste med seg ein ”liten” bil på slep i spesielle stag etter bubilen.

Ingen av dei eg spurde hadde høyrt om vektgrenser verken på ”Fifth Wheelers”, bubilar eller campingvogner. Dei tok med seg det dei meinte dei hadde bruk for når dei reiste på tur, utan å tenke vekt i det heile.
Alle desse tinga hadde gjort inntrykk på mine tidlegare reiser til Canada og USA, og no skulle eg altså få oppleve å bu i nokre av desse doningane.
Dette såg eg verkelig fram til…
Men…ikkje at det vart noko nedtur akkurat, men når ein har store forventningar til noko, vert ein nokre gonger litt skuffa.
Etter ei natt og to i desse doningane, var det liksom ikkje det heilt store lenger. Vi fann fort ut at campingvognene og bubilane ikkje hadde så mykje meir enn det dei heimlege utgåvene hadde.
Den største forskjellen var eigentleg berre storleiken, madrassane og polstringane i setene. (Når det gjeld dei to sistnemnde har dei europeiske produsentane mykje å lære).
Tanken eg ein gong hadde om at ”ein slik skulle eg gjerne hatt heime” endra seg etter nokre dagar og netter til ”ein slik er eg glad eg ikkje har heime”.
Storleiken til dei Canadiske og Amerikanske campingdoningane passar etter mi meining ikkje her i landet i det heile.
Eg bur i enden av ein 5 km lang, smal og kronglete grusveg, så for min del hadde eg ikkje kunne tatt nokon av dei med meg heim på tunet.
Ikkje var det mange veier her i landet vi kunne køyrt på heller, og vi som er så glade i å køyre sidevegar og småvegar over fjell og daler.
Tenk kor kjedelig det hadde vore om vi berre kunne køyre på hovudvegane, og knapt nok det…!
Og kva med campingplassane? Det finns riktig nok fleire stader der dei no kan ta i mot bubilar og campingvogner av denne storleiken, men langs dei fleste vegane der eg ferdast finns der ingen slike.
”Det frie liv” for meg hadde snart vorte ganske ufritt om eg vart låst til få vegar og få campingplassar. Rart kor fort ein kan endre meining om noko når ein får prøvd det.
Nei takke meg til mi vesle campingvogn som eg kjem fram med nærast kor som helst i vårt vakre land. Eg manglar ikkje noko i den heller, ei god seng, kjøkken, kjøleskåp og micro-omn. Reine luksusen etter mi meining…og meir treng ikkje eg. Eg er jo på ferie…
Er desse bubilane, “Fifth wheelers” og campingvognene noko for norske caravanistar? Ikkje etter mi meining…
tysdag 9. november 2010 kl 13
Bra?

Alle som har vore i Ålesund med bubil veit nok kva eg snakkar om. For her ligg det verkeleg godt til rette for oss som ferdast langs vegen med eige hus på ryggen. Eit heilt kaiområde har Sunnmørsbyen sett av for bubilturistane. Litt kronglete var det å koma dit, men det var godt merka, så greitt gjekk det likevel.
Litt kosta det sjølvsagt å stå der, men det var og heilt greitt for her var toalett, dusj, tømming av toalett og avfallsvatn, samt påfylling av ferskvatn. Her var og lagt til rette for avfallssortering, slik at vi vart kvitt bosset vårt og på ein skikkeleg måte.
Vi slo oss til rette her ei helg i slutten av august i år, og vi var langt i frå dei einaste gjestane. Gjennom helga var der heilt sikkert nærmare 50 bubilar innom bubilparkeringa, og truleg var meir enn halvparten utanlandske.
Det er svært positivt å komma ein stad der ein kjenner seg so velkommen som bubilturist. Og sjølvsagt la vi igjen ein god del pengar i butikkane og restaurantane i Sunnmørsbyen som takk for gjestfriheita.
Andre byar/stader som har forstått det?
torsdag 2. september 2010 kl 14
Bra?

Noen som husker dette?
Det var tider det. De første årene med Caravanutstilling i Vikingskipet var helt spesielle. Utstillingene der hadde en sjel, intimitet og varme som etter min mening er fraværende på caravanmessene i dag.
Som gjester og potensielle kunder følte vi oss som en del av caravanbransjen og vi ble tatt hånd om på en svært god måte av både arrangørene og selgerne.
Messecampen på parkeringsplassen utenfor Vikingskipet var alltid full av nysgjerrige og kjøpelystne caravanister. Og praten gikk livlig om de nye modellene. Om diskusjonen gikk seg fast om detaljene, var det lett å stikke innom igjen for å se en gang til.
Messecampen på Hellerundsletta har jeg ikke prøvd. Kan hende det er god stemning der og, men enkelt å ”stikke innom” utstillingen er det ikke.
Ved Vikingskipet kunne man tilbringe hele helgen, men i dag blir det for min del kun et dagsbesøk, viss jeg er så heldig å finne et sted der det er tillat å parkere en liten bil da. Den store halvfulle grusplassen er jo bare for bobiler og foran messehallene er det som regel fullt.
Men akk, tidene forandrer seg…det gjør også den årlige caravanmessen. Fra nærmest å være en ”intimmesse” i Vikingskipet, er den blitt en gigantutstilling i enorme lokaler uten sjel.
Etter min mening er eksplosjonen i salget av bobiler ”skyld” i det meste av denne utviklingen. I de tidlige messetider var det en god håndfull faste importører som stilte ut sine campingvogner og bobiler. I dag finnes det en bobilforhandler på hvert gatehjørne, og når alle disse skal være med å vise frem sine merker, trengs det noe større plass enn det Vikingskipet kan tilby. Norges Varemesse på Lillestrøm er da eneste alternativet.
Og slik må det vel kanskje være om importører og forhandlere skal dekke etterspørselen og vise frem alt det nye som kommer.
Vi caravanister ønsker gjerne at det skal være mye å velge mellom i håp om at det samtidig blir en sunn konkurranse om kundene blant selgerne.
Nei, caravanmessa er ikke som den en gang var.
Messa på Lillestrøm er nok kommet for å bli, men jeg glemmer aldri Vikingskipet…
Har du en mening om dette, om messa, Vikingskipet og utviklingen på dette feltet? Skriv en kommentar…
tysdag 20. juli 2010 kl 15
Bra?

Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand
Innlegg frå
Inger Marie von der Lippe
Eg er avdelingsleiar ved Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand, som er konsolidert med De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum og er ein del av Musea i Sogn og Fjordane.
Vi samlar mellom anna på historiar om campingliv i landet vårt – historiar og kunnskap av alle slag, slik at desse kan presenterast i utstillingane våre og evnt. på heimesida for museet som nå er under fornying. Vi tek og med glede i mot foto og bileter som er relaterte til campinglivet.
Takkar deg på førehand for at du vi hjelpe oss med å bygge ut museet sitt innhald.
Med venleg helsing
Inger Marie von der Lippe
Her fortel Inger Marie om si fyrste campingtur:
Mitt “campingliv” er kort fortalt:
Sjølv hugsar eg då vår familie skulle slutte å reise på ”hytta” – for faren min ville leva ut speidaren i seg og vi reiste på ferietur med bil og telt eit par sesongar. Vi kom oss til Danmark, men så var det brått slutt, då mor mi fekk “hekseskot” som ho kalla det, etter krokrygga matlaging i plask regn (ho laga aldri mat for vi hadde hushjelp, så eg veit ikkje om det med ryggen hadde andre årsaker). Så var det attende til turar frå støl eller ”hytta” som var eit ”gamalt hotell” far min disponerte på fjellet – difor vart eg ein periode ei skikkeleg fjell rype, medan alle vener med familie reiste på campingturar, faktisk heilt ned til Middelhavet for nokre av dei.
Då eg gifta meg ville eg ta oppatt denne forma for campingferie – og overtalte mannen min, då vi: han, sonen vår og eg var stasjonert i Bardufoss (han hadde militær teneste der). Han hadde aldri campa tidligare og var skeptisk.
Vi lånte eit gamalt militærtelt og nokre militærsoveposar frå eit lager. Med opplessa bil, la i veg til Kvæfjord. Der gløymde eg mann og born då eg banka på dørene til alle som vov “grener” eller Kvæfjordtepper og til slutt fekk overtala mannen min til kjøp av eit – for nett eit slikt hadde eg ønskt meg lenge.
Første natta sov vi over der – inne – for vi vart invitert og det vart rett så trivleg og mannen min var stornøgd.
Neste dag for vi til Alta – fann ein fin og romantisk campingplass. Vi strevde i timar med å få sett opp teltet og som underlag for soveposane låg det nye Kvæfjordteppet. Endeleg sto teltet der. Vi var stolte men svoltne som ulvar og med ein son som hylte som ein stukken gris. Før eg fekk fram primusen vi hadde lånt av naboen og før vi fekk drøfta saka for mann min av stad i bilen. Han kom attende med ferdig mat. Eg vart ikkje sur for han hadde fått tak i to ølboksar – seine kvelden – etter alt var stengt. Det var midnattssol og stemninga var nett slik eg tykte den skulle vera etter ein lang dag med camping.
Så endeleg fekk vi lagt oss i teltet, med sonen vår på 2 år midt mellom oss. Om natta hadde eg mareritt og drøymde om det verste været i manns minne og at vi flotna og for som Moses flytande nedover i elva i store kast.
Klokka 4 om morgonen vakna eg av at mannen min brølte som eg aldri før eller seinare høyrde det, men eg kunne ikkje sjå han. Eg var gjennomblaut og hadde teltvegger klistra rundt meg på alle kantar. Eg kom meg ikkje ut – dermed hylte også eg.
Der sonen vår hadde sove, låg teltduken som eit fullt badekar. Det første eg tenkt – å hjelp dette kan han ikkje ha overlevd, i det panikken innfann seg. Til slutt kunne eg sjå ut – ingen mann og son – så oppdage eg dei i striregnet inne i bilen. Mannen min fekk ikkje sove i teltet, så i det det rasa saman hadde han greidd å få tak i sonen vår og berga han frå å bli kvelt – noko eg fekk høyra i alle år etterpå – når det var snakk om camping. Eg fekk greie meg sjølv, berre ungen vart redda og fekk turre klede, ropte han, då eg på alle fire kom krypande ut av teltvirvaret.
Resten av morgonen sat vi i bilen kliss våte utan å sei ei einaste staving – kor lenge vi sat der veit eg ikkje, men vi gjekk ikkje ut før sola viste seg att. Pakka ned teltet, som var mygla då vi leverte det attende til militærlageret.
Dette vart mi einaste natt med barn og mann på camping tur – resten av turen overnatta vi inne – heller fulle folk enn militærtelt kom det konsekvent frå mannen min.
Denne turen kunne eg fortelje mykje meir og løye om, for den var full av alle dei mest forunderlege opplevingar – men campingtur – nei det var det ikkje.
Korleis det gjekk med Kvæfjordteppet ? – ja, det kan du vel sjølv tenke deg.
Om eg har foto frå turen? – ja – vi hadde det, men dei drukna i saman med teltet. I lange tider etter denne turen var det ikkje fotoutstyr i familien – før mannen min etter eit møte i Oslo kom heim med filmapparat – for fekk vi fleire slike turar skulle han ha bevis – det var då spetakkelet verkeleg starta….. i fargar.
Seinare bygde vi hytte. Plutseleg medan eg skriv dette kan eg sjå at den faktisk liknar ein lavvo.
Beste helsing
Inger Marie

måndag 28. juni 2010 kl 10
Bra?

Det svermar allereie av bubilar og campingvogner på vegane rundt om i Noreg. Ikkje berre utlendingar heller, mange nordmenn er alt ute på tur. Her i Sogndal er bubilar og campingvogner snart i fleirtal på vegane.
Men kor blir dei av? Campingplassane er ikkje akkurat overfylte.
Sjølvsagt har ikkje alle caravanistar eller bubilturistar ein treff på vegane her planar om å overnatta, men kanskje mange av dei kunne tenke seg å stoppe nokre timar for å sjå seg rundt? Eller kanskje dei treng å fylle opp kjøleskåpet og vil inn på Sogningen for å handla?
Av eigen erfaring veit eg at det ikkje er lett å finne ein stad å parkera ein bubil, langt mindre ein bil med campingvogn på slep, ikkje berre her i Sogndal, men mange andre stader i Noreg og. Er ein så heldig å finne ein stad der ein kan få lov å parkere eit par timar, kostar det gjerne flesk.
Men det finns unnatak!
Sommaren 2009 var eg på tur nordover i landet med bil og vogn. Med ei total lengd på 12 meter seier det seg sjølv at ein ikkje kan stoppa kor som helst, men det var likevel ikkje så problematisk her som lenger sør i landet, og i Mo i Rana fekk vi oss ein svært gledeleg overrasking.
Vi svinga inn fram for turistinformasjonen og vart møtt av eit stor skilt der alle turistar vart ynskt velkommen. Ikkje nok med det, der stod og at alle turistar kunne parkere gratis på dette området. Ein måtte berre melde frå på turistkontoret. Eit slikt tilbod kunne vi ikkje gå ifrå. Vi vart ståande der i nærare tre timar, og eg trur vi handla for meir enn tusenlappen der i sentrum.
Eit lite tips til Sogndal og andre større og mindre byar: Tenk kor mykje omsetning ein kunne fått om turistar som oss fann ein plass å parkere nokre timar?
Vi som reiser rundt på denne måten pratar ofte saman og fortel kvarandre om både gode og dårlege erfaringar der vi fartar omkring.
Eg vil tru det er fleir enn eg som legg opp køyreruta mi etter, ikkje berre kor eg vil overnatta, men og etter kor det er greitt å finne ein parkeringsplass om eg vil handla eller sjå meg litt rundt.
Mi erfaring er og at stopper eg ein stad, legg eg og igjen pengar der, anten det er planlagt eller ikkje.
Finns der fleire stader som Mo i Rana? Då reiser eg gjerne dit…
torsdag 24. juni 2010 kl 15
Bra?
Å vere campingturist i Noreg kan by på både gode og dårlege erfaringar.
Mange har vel som meg starta si karriere på vegen med eit telt, oppakning på biltaket, bagasjerommet fylt til brestepunktet og baksetet fylt med ungar og dyr.
Skulle tru ein tok skrekken før ein starta, men den gong ei. På tur skulle vi, og vi skulle starte med vore ungar på same måten som vi starta med vores foreldre. For dei skulle få campinglivet inn med barneskeia slik vi fekk det.
Etter kvart som årene gjekk, bytte vi ut teltet med ein kombikamp, og seinare campingvogn. Campinglivet utvikla seg raskt frå å vere ein telttur med provisoriske løysingar med mat og drikke, til å verte ein konkurranse om kven som hadde den finaste campingvogna med det beste innhaldet. I seinare tid har bubilane tatt over på vegane og campingplassane. Og bubilane vert både større og dyrare for kvart år. Ikkje misforstå, eg har ikkje bubil, men draumen om ein lever i beste velgåande, so det var ikkje meg i mot.
Men inn i mellom, når ein kjem inn på ein campingplass overfylt med bubilar og campingvogner, går tankane attende til tida med telt. Dei var so mykje enklare å plassere telta. Ikkje var det alltid so nøye med om dei sto beint heller. I dag skal alt vere i vater…jekk litt meir i den enden…legg ein kile under det hjulet, opp med fortelta, ut med markisa, fram med stolane, bordet og grillen…nei no skal vi ha det kjekt du…
Mykje styr og mykje stress, men veit du…eg reiser framleis på campingtur, no tretti år etter at eg starta. For har ein fyrst fått det inn med barneskeia og det har gått ein i blodet, vert ein ikkje kvitt det…og vi har oppdaga kva det handlar om…nemleg ”Det Frie Liv”.
Og har du ikkje prøvd det so gjer det gjerne, det er framleis plass til fleire campingturistar på vegane og på campingplassane…velkommen etter og nyt ”Det Frie Liv” du og…
 
torsdag 15. april 2010 kl 15
Bra?
| |